Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Frå Vogge til Mekka

Ein kulturøkonomisk utviklingsstrategi for Morgedal


SAMANDRAG

 

Morgedal er kjend som Skisportens Vogge. Her ligg, seier soga, opphavet til ein sport og kultur som etter kvart spreidde seg over store delar av verda.

          Menneske i dag leitar etter opphav! Innanfor den veksande opplevingsturismen, finst ei like raskt veksande grein som me kan kalla pilegrimsturisme. Den nye pilegrimsreisa er ikkje berre religiøs. Den går til opphavet for interesser, kulturuttrykk, naturfenomen.

          Fleire og fleire menneske over heile verda går og køyrer på ski. Nye store innandørshallar opnar opp for at millionar av menneske i verda sine urbane metropolar no får gjera seg kjende med sporten. Nokre vil etter kvart bli så interesserte, at dei legg ut på reisa for å finna sporten/interessa sitt opphav…

          Potensialet er såleis til stades for at Skisportens Vogge også kan bli Skisportens Mekka; ein valfartsstad for skientusiastar frå ei heil verd som ynskjer å få med seg – gjennom historieformidling, kjensler og aktivitetar – staden der det heile starta.

          Ein god del pilegrimar har kome til Morgedal opp gjennom åra, men for at dette skal bli til meir enn sporadiske vitjingar, må det likevel satsast! Det trengst ein gjennomarbeidd nasjonal og internasjonal marknadsføringsstrategi. Me treng nye utviklingsidear lokalt, men det er også trong for eit langt større offentleg engasjement. Morgedal vedkjem oss alle! Denne rapporten presenterer Morgedal som Noregs viktigaste og mest potensielle kulturelle pilegrimsstad på ein global reiselivsmarknad. Skileik og –kultur er våre fremste kulturelle eksportartiklar til verda sia vikingtida. Om me ikkje klarar å følgja opp, vil likevel andre land og vinterdestinasjonar etter kvart gjera krav på tittelen som sportens opphavsstad.

          Slik vert også Morgedal eit regionalt og nasjonalt kjernesymbol, og utvikling i Morgedal vil kunna gje store ringverknader i både Telemark og Noreg.