Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv

Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv

 

Sykkelturisme i eit kulturøkonomisk perspektiv handlar om å dyrke og utvikle det unike, med utgangspunkt i sykling i landskapet. Sykkelen skil seg klart frå mange andre transportmiddel ved at den på ein heilt annan måte gjer det mogleg å stoppe og gå inn i landskapet. Sykling inviterer til oppdagingsferd i samanhengande assosiasjonslandskap.

Rapporten tek til orde for å redusere den sterke fokuseringa på å utvikle og leggje til rette for fastlagde løyper mellom fastlagde punkt. Ei slik einsidig satsing utnyttar ikkje potensialet som ligg i turistens eigen oppdagingstrong. Det er avgjerande å skaffe merksemd for å oppnå suksess. Det må takast utgangspunkt i det som vekkjer interesse for Noreg som reisemål; fjell, fjord, vakker urørt natur. Utifrå desse attraksjonsverdiane må det leiast ut regionale opplevingstema som igjen dannar basis for regionale kulturøkonomiske sykkelguidar.

Tilrådinga er utleia av ein modell for kulturøkonomisk reiselivsutvikling, som synleggjer tilhøvet mellom kollektive og private gode i eit kulturelt landskap. Eit samanhengande kulturelt landskap er eit attraktivt reisemål, der kultur og lokale produkt spelar saman. Dette er verdiakkumulerande prosessar med mange vinnarar og få eller ingen taparar. Modellen syner svært klart at reiselivsprodukt som t.d. sykkelturisme, må utviklast som ein del av og integrert i eit lokalt landskap. Målsetjinga må vere å gje tilgjenge til det lokale, og reiselivsplanlegging og utvikling må nettopp ha samankopling av reisande og fastbuande som mål.

Når vi reiser er det for å møte oss sjølv gjennom det som er nytt og annleis, for å bruke oss sjølv og utfalde oss på ein ny måte, og for å få kontakt med kjenslene våre gjennom å sjå, smake, lukte, lytte. Dess meir spesiell og unik ein stad er, dess meir interessant er den som reisemål, og dess større potensiale er det for å satse på turisme. Før var det om å gjere å ha det beste produktet, no er det om å gjere å ha den beste historia, og skape lengslar etter og rom for draumane.

Å vere på reise med sykkel handlar om meir enn å flytte seg frå A til B. Det handlar om å kunne styre ferda si sjølv, om å meistre og å oppleve og oppdage med fleire sansar. Som syklist ser du ikkje berre landskapa fare forbi på avstand, du er i landskapet. Sykling er viktig i draumesamfunnet. I den kulturøkonomiske strategien er det opplevinga av det kulturelle landskapet som står i fokus. Det kulturelle landskapet er noko langt meir enn eit opplevingslandskap, det er eit innlevingslandskap; eit landskap som engasjerer oss, inkluderer oss, identifiserer oss. Som framkomstmiddel kan sykkelen vere ideell for å skape slike identifikasjonsprosessar mellom kulturelt landskap og reisande. Sykkelen gjev høve til å leve seg inn i det spesielle og særeigne ved staden. Det bør vere ei hovudmålsetjing for norsk sykkelturisme.