Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Natur- og kulturbasert nyskaping

Forslag til kursopplegg for KS og SEVS


Lokalt utviklingsarbeid er ein føresetnad for at kommunane skal fylle den rollen dei har fått gjennom auka ansvar og myndigheit på landbruksområdet.  For å gjere kommunane medvitne om deira ansvar for, og viktige rolle i, det lokale næringsutviklingsarbeidet, ønskjer KS å kunne tilby kurs for å inspirere, auke engasjementet og auke kompetansen om lokal næringsutvikling.

Senter for natur- og kulturbasert næringsutvikling ved Telemarksforsking-Bø har utvikla eit slikt kursopplegg for KS og SEVS.

Målgrupper for kurset skal vere ordførarar og rådmenn, folkevalde, først og fremst knytt til utval med ansvar for næringsutvikling, og kommunalt tilsette innafor planarbeid, næringsutvikling, kulturarbeid og miljø

Etter gjennomført kurs skal deltakarane bli meir medvitne om kva som finst av lokale ressursar (natur, kultur og menneske) og korleis desse kan løysast ut og mobiliserast for å skape ny næring, nye fellestiltak og meir attraktive stader for busetnad. Gjennom kurset skal det arbeidast med konkrete og aktuelle problemstillingar frå deltakarkommunane, og kurset skal bidra til å utvikle klima for nyskaping og nytenking i kommunane.