Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Partnarskap som samhandlingsarena

Samordning og samhandling i regional utvikling


I Statuskartlegginga av LUK-satsinga (TF-rapport nr. 286/2011), blir det konkludert med at dei regionale partnarskapa skaper arenaer for samordning av økonomisk og fagleg støtte til kommunane og fylkeskommunane. Dei fylkeskommunane som har arbeidd aktivt med slik samordning over tid synes også å ha kommunar som er mest nøgde med fylkeskommunens arbeid. På bakgrunn av dette ønskte KRD ei djupare analyse av dette samt å få fram gode døme på slikt samarbeid, som skal kunne gje læring mellom fylkeskommunane i LUK satsinga.

Rapporten frå dette arbeidet ligg no føre. Analyser og konklusjonar er basert på intervju med sentrale informantar i alle dei 18 deltakarfylkeskommunane i LUK-satsinga. Ein har i tillegg nytta relevant data frå ein stor kummunesurvey til alle landets rådmenn hausten 2010.

Undersøkinga syner at for å lukkast, må samhandlingsarenaene for utviklingsarbeid vere fleksible og dynamiske, samt at samhandling som arbeidsform må gjennomsyre heile organisasjonen, både strukturelt og innhaldsmessig. Det er dessutan særs viktig at leiarnivået bidrar heilhjerta til dette. Erfaringane som er analysert i prosjektet kan oppsummerast i fem punkt:

1.       Lokale/regionale særpreg må reflekterast i korleis arenaene er utforma.

2.       Ein må ha passe mengde arenaer, dvs. dei som ikkje fungerar må leggjast ned, dei som gje r det må styrkast. Denne dynamikken må spele fritt, sjølv om ein kanskje har lagt ned mykje resursar på å få nettverk og samlingspunkt opp og stå.

Vidare må ikkje vedtakspunkta bli for mange og for spreidd - då blir ansvar pulverisert og engasjement brukt opp. Deltakarane har generelt ikkje tid til for mange møter/møtepunkt som skal følgjast opp. Det kan likeins vere behov for å samordne og fusjonere samhandlingsarenaer. Fleire av informantane i dei ulike fylka fortel om for mange arenaer retta mot dei same aktørane / deltakarane og mot same føremål – samfunnsutvikling.

3.       Det må vere eit element av både strategisk og operativ tenking i samhandlinga. Begge er viktige og ein må ha kommunikasjon mellom dei to.

4.       Strategisk leiing må ville ha samhandling, og dermed leggje til rette for det.

5.       LUK-satsinga til KRD er, slik Telemarksforsking ser det, eit velegna instrument for å sikre samhandling i regional utvikling. Men, dette krev at satsinga spissast inn mot dette.

Rapporten presenterer avslutningsvis ti konkrete råd for å sikre god samordning og samhandling i regionalt og lokalt utviklingsarbeid, som du finn her.

Ansvarleg for prosjektet er Ola K. Berge.