Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Ny bruk av fråflytta landbruksbygningar

Ny bruk av fråflytta landbruksbygningar

 

Stadig fleire landbruksbygningar mister den opphavelege funksjonen sin som følgje av at bruk blir lagde ned, eller at driftsapparatet blir modernisert med nybygg. Dei ledige bygningane er markante i landskapet, og dei representerer ein viktig ressurs dersom vi kan finne ny bruk som også forsvarar kostnadene ved istandsetting og vedlikehald.