Telemarksforskning (logo)
NASJONALT FORSKNINGSINSTITUTT med regional forankring og internasjonal relevans 

Vi lanserer masterstipend

Vi lanserer masterstipend

Skal du skrive ei masteroppgåve som er fagleg relevant for oss? Da kan du søke på Telemarksforsking sitt masterstipend.

13.3.2019

Telemarksforsking deler ut masterstipend på 15.000 kr til studentar som skriv oppgåver innanfor våre fagområde: regional utvikling, kommunal- og velferdsforsking og kulturforsking.

Søknadsfrist er 15. juni for stipend og veiledning i haustsemesteret og 15. desember for vårsemesteret. Vi deler ut inntil 2 stipend til kvar søknadsfrist.

Du får

  • 15.000 kr i stipend
  •  Inntil 5 timar veiledning med ein forskar frå Telemarksforsking

Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekter ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.

Du bidrar med

  • Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva

Søknadsprosess

Send ein kort beskrivelse av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Prosjektbeskrivelsen bør vere maks 3 sider. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Telemarkforsking har tre faggrupper som forskar på ulike tema. Sjå meir info om våre fagområder på heimesida vår