Kommunane Herøy, Sande og Ulstein ønskjer å gjennomføre ei heilskapleg og kunnskapsbasert utgreiing av ein mogleg ny framtidig kommunestruktur. Kommunane har i dag eit etablert interkommunalt samarbeid, mellom anna gjennom samarbeidet i Sjustjerna, og dette skal inngå som ein naturleg del av vurderinga av framtidige løysingar.
Utgreiinga skal danne grunnlag for politisk vurdering og vidare prosess i kvar kommune. Arbeidet skal vere framtidsretta og ta høgde for no-situasjon og langsiktige utviklingstrekk innan demografi, økonomi, samfunnsutvikling og kommunale kjerneoppgåver.