Denne rapporten summerer opp og analyserer svara frå ei undersøking av
frivilligheita i Møre og Romsdal, med særleg vekt på frivilligheita i Surnadal. Målet med undersøkinga var å gi ei oversikt over kva type
frivillige organisasjonar som finst i fylket, kva type aktivitetar dei
driv med, og kva dei bidreg med i samfunnet. Undersøkinga hadde også eit
mål om å skildre og analysere frivilligheitas samfunnsnytte og
samspelet mellom offentleg og frivillig sektor. Oppdragsgivar for
prosjektet har vore Møre og Romsdal fylkeskommune.