Kartlegging av frivillig sektor i Gjemnes og Averøy

Released
27. May 2025
ISBN
978-82-336-0799-9
Publication
Note
Hanna Nyborg Storm
Hanna Nyborg Storm
Bård Kleppe
Bård Kleppe

Denne rapporten summerer opp og analyserer svara frå ei undersøking av frivilligheita i Møre og Romsdal, med særleg vekt på frivilligheita i Gjemnes og Averøy. Målet med undersøkinga var å gi ei oversikt over kva type frivillige organisasjonar som finst i fylket, kva type aktivitetar dei driv med, og kva dei bidreg med i samfunnet. Undersøkinga hadde også eit mål om å skildre og analysere frivilligheitas samfunnsnytte og samspelet mellom offentleg og frivillig sektor. Oppdragsgivar for prosjektet har vore Møre og Romsdal fylkeskommune.

This site is registered on wpml.org as a development site. Switch to a production site key to remove this banner.