Rapporten legg fram ei evaluering av regionalt miljøprogram (RMP) i jordbruket, gjort på oppdrag frå Statens Landbruksforvaltning av Norsk senter for bygdeforskning og Telemarksforsking-Bø i perioden 29.10.07 til 01.02.08.
Det er blitt gjennomført fleire ulike datainnsamlingar:
spørjeskjema til alle Fylkesmennenes landbruksavdelingar med i hovudsak opne spørsmål
spørjeskjema til landets kommunar v/landbrukskontora
intervju og fokusgrupper i fire utvalde fylke
studiar av kvart enkelt fylke sitt planverk for RMP-arbeidet.
Evalueringa er gjort etter at RMP-ordninga har verka i to år, og resultata må vurderast i eit slikt perspektiv. Rapporten gjev ei samla oppsummering av evalueringa sine undertema målretting, forvaltingseffektivitet, medverknad / informasjon, og rullering og vidareføring. Vi set også funn og tematikk frå RMP-evalueringa inn i ein litt større samanheng ved å trekkje inn erfaringar med miljøverkemiddel i jordbruket generelt både i Noreg og andre land. Til sist kjem vi med ei eiga tilråding om konkrete tiltak knytt til RMP-arbeidet framover.
Samandrag med oppsummering og tilråding kan du laste ned her.