Kulturelle landskap set mennesket og
mennesket sine kulturelle behov i sentrum for planlegging og utvikling i
landskapet:
Kulturelle landskap oppstår mellom ein
stad sine naturgjevne føresetnader og den menneskelege involvering gjennom
kulturelle prosessar.
Kulturelle landskap engasjerer,
inkluderer, identifiserer og gir rom for deltaking.
Det kulturelle landskapet er eit verkeleg
fellesgode, og difor bygda sin viktigaste ressurs, ettersom det rommar
totaliteten av dei menneskelege og naturgjevne ressursane.
For å fremje lokal deltaking og nyskaping,
og for å kunne vidareføre det lokale landbruket som verdiprodusent, må
offentleg støtte til landbruk og landskap fordelast etter eit heilt nytt prinsipp:
Fellesskapet betalar for fellesgode, marknaden / individet betalar for private
gode.