Aukande kostnader knytt til eldreomsorg gjer det stadig viktigare å
bruka ressursane effektivt. Me har nytta data på kommunenivå til å
kartleggja kostnadsstrukturar i kommunal eldreomsorg for å finna fram
til effektivt og ineffektivt samansette tenestetilbod. Me brukar ein
multiprodukt kostnadsfunksjon og finn store, ikkje-utnytta,
produktspesifikke stordriftsfordelar som går nesten opp i opp med
samdriftsulemper. Dei globale skalafordelane er difor små. Resultata
tilseier at auka spesialisering generelt er økonomisk tilrådeleg, for
både å utnytta produktspesifikke stordriftsfordelar og å redusera
samdriftsulempene.