Føremålet med forprosjektet har vore å foreslå nye produkt og opplevingar, med utgangspunkt i mohairgeitenæringa, og med særleg vektlegging på spinneriproduksjon av mohairfiber.
Heilskaplege opplevingar, knytt til mohairgeiter, gardsdrift, kulturlandskap, spinneriproduksjon, garn-/veveprodukt og formidling er tema i rapporten.
Bak nettverksprosjekt står mohairgeitebønder i Telemark. Prosjektet er ein del av programmet «Forskningsbasert Kompetansemegling».