I denne gjennomgangen av visuelle arenaers kommunikasjon med
publikum, har fem museer i Bergen, ofte omtalt som «Kunstaksen», vore case.
Musea det er snakk om, er:
1) Bergen Kunstmuseum – Lysverket
2) Bergen Kunstmuseum – Rasmus Meyers samlinger
3) Bergen Kunsthall som også inkluderer Landmark og Galleri
no 5
4) Bergen Kunstmuseum – Stenersen samlinger
5) Bergen Kunstmuseum – Vestlandske Kunstindustrimuseum
Undersøkinga er basert på både kvantitative og kvalitative
data. Diverre har det vist seg å vere vanskeleg å etablere eit godt nok
kvantitativt datagrunnlag for å trekkje sikre konklusjonar om besøksvaner og
musea sin kommunikasjon med publikum.
Det undersøkinga kan si, er at musea i kunstaksen er godt
synlege og kjende blant publikum i Bergen. Dei aller fleste av dei som besøker
musea meiner dessutan at desse arenaene er varme og inkluderande. Vår analyse peiker
likevel på at musea har eit ikkje nytta forbetringspotensial, både med tanke på
å fjerne moglege publikumsbarrierar, eit forbetra visuelt inntrykk samt auka
tilgjenge for turistar og folk frå Bergensområdet, ikkje minst med tanke på opningstider.