Eigedomsregistreringstenester i Vinje kommune
Ny matrikkellov (Lov 2005-06-17, nr 101: Lov om eigedomsregistrering) og forskrifter til den nye lova er bakgrunnen for arbeidet med forslaget til ny organisering av oppmålingstenestene og matrikkelføringa i Vinje kommune. Forskriftene har høyringsfrist 1.8.06, og planen er at lova og forskriftene skal setjast i verk frå 1. januar 2007.
Rapporten inneheld forslag til kva for matrikkel- og oppmålingstenester Vinje kommune skal tilby, og forslag til ny organisering av eigedomsregistreringstenestene i kommunen.