I ei verd prega av standardisering blir det
kulturelt spesielle eit aktivum. Fleire og fleire menneske leitar etter
det særeigne, unike og spesielle. Vi leitar i dagleglivet, på
ferieturen, gjennom virtualitet, mytologi og mystikk. ”Det ulike” – det
som skil seg ut frå ”dei andre”, får aukande verdi.
Når ein kjem til ein ny stad,
leitar ein etter det spesielle ved denne staden. Kva gjer den annleis?
Kva særmerkjer den? Korleis kan vi bruke desse kvalitetane i regional merkevarebygging?