Når blei norsk kulturdiplomati sjølvmedvete og eksplisitt? Har kultur og
kulturpolitikk nokon gong vore ein reelt integrert del av norsk
utanrikspolitikk eller den utanrikspolitiske diskursen? Det er
spørsmålet som blir diskutert i denne artikkelen, som samstundes
reflekterer over korleis kultur heilt sidan 1800-talet har vore sentral
del av konstruksjonen av Noreg som nasjon, og framleis er det, både i
utanriks- og innanrikspolitisk samanheng. Kanskje er ikkje vegen frå
norsk deltaking i verdsutstillinga i Paris i 1889 til korleis Noreg
profilerer operaen i Bjørvika, teikna av Snøhetta, i dag, særleg lang?
Artikkelen konkluderer likevel med at gjennomslaget for eit eksplisitt
sjølvmedvete kulturdiplomati paradoksalt nok kan knytast til tida då
ansvaret for norsk utanrikskulturell verksemd blei flytta ut av UD
og over til sju av kunstfeltets organisasjonar. Artikkelen er ei
omarbeiding av prøveførelesinga som var del av forsvaret for PhD-graden i
kulturstudiar ved HSN, med tittelen Look to Norway, current Norwegian Foreign Cultural Policy.