Trysil er det største alpinanlegget i Norge. I likheit med andre skidestinasjonar er det ei stor utfordring å fylle opp all kapsiteten også i barmarksesongen. Som den første av slike anlegg i landet starta Trysil opp med ei storstila sykkelsatsing, Trysil Bike Arena, i 2013, med ambisjonar om å bli den beste stisykkeldestinasjonen i Skandinavia.
Evalueringa skal finne ut kva for effektar satsinga har hatt, både på reiseliv og lokalsamfunnsutvikling.
Oppdraget kjem frå Hedmark fylkeskommune, og skal vere ferdig midt i mars 2019.