Korleis kan vi ruste oss betre for klimaet vi har i vente, slik at vi kan halde oppe matproduksjonen?
Dette er hovudspørsmålet i forskingsprosjektet «Et mer klimarobust landbruk i Vestfold og Telemark».
Som ein del av dette har vi intervjua 10 kornbønder i Vestfold og Telemark for å finne ut korleis dei tilpassa seg ekstremværsituasjonen i 2017 og 2018, og har samanfatta dette i 5 tiltak for ein meir klimarobust kornproduksjon.