Alfredo Armando de los Reyes og Katharina Karlsen Hessen vann fram blant totalt 19 søkarar til Telemarksforsking si utlysing av masterstipend 15. desember 2021. Dei får dermed 15.000 kr kvar i masterstipend og blir kopla til kvar sin Telemarksforskar som sparringspartnar for oppgåva.
Oppdrettsnæringa si sosio-kulturelle påverknad på norske kystsamfunn
Katharina Karlsen Hessen studerer master i Internasjonal Environment Studies ved NMBU. Ho tek for seg sosio-kulturelle konsekvensar av dagens oppdrettsnæring i si masteroppgåve. Prosjektet har fokus på landskapsendringane som oppdrettsnæringa fører med deg, og korleis slike endringar påverkar lokalsamfunna og enkeltindivida som lever langs den norske kysten.

Katharina er kopla opp mot forskar Marianne Singsaas som sparringspartnar frå Telemarksforsking. Marianne har berekraftig ressurs- og arealforvalting som forskingsfelt, og er for tida knytt til Forskingsrådsprosjektet «Tradisjon og destinasjon» som omhandlar sosial berekraft i villreinfjell.
(Re)konstruksjon av norsk kulturarv
Alfredo Armando de los Reyes studerer master i Human Rights and Multiculturalism ved Universitetet i Sørøst-Norge. Oppgåva hans handlar om bruk av kulturelle arenaer i (re)konstruksjon av norsk kulturarv, med Tøyen bibliotek som case.

Alfredo er kopla opp mot forskar Anne-Sofie Hjemdahl som sparringspartnar. Anne-Sofie er oppteken av kulturarvsfeltet og av kunnskapsproduksjon. Ho jobbar både med museum, kulturminnevern og immateriell kulturarv.
Neste søknadsfrist er 15. juni
For studentar som skriv masteroppgåve hausten 2022, uavhengig av når dei leverer, er neste frist for å søke masterstipend 15. juni 2022. Då vert det delt ut to nye stipend.
Studenten får
- 15 000 kr i stipend
- Sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
- Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekter ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.
Studenten bidrar med
- Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva
Søknadsprosess
Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Søknaden bør omhandle teori, problemstilling og metode. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Oppgi også studiestad, studieretning og telefonnummer.
Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterium og vekting:
- Generell prosjektkvalitet (60 %)
- Relevans for fagområda til Telemarksforsking (40 %)
Telemarksforsking held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.