Regionalpark er ein
ny framtidsmodell for regionane, som krev nye måtar å sjå staden på, nye
metodar for stadbasert læring og deltaking, forsking og utvikling, sa Solveig
Svardal i eit foredrag på det nasjonale nettverket for regionalparkar.
Ulike variantar av regionalparkkonsept i
ferd med å ta form også i Noreg, etter mønster først og fremst frå land i
Mellom-Europa. Regionalparkane er regionane sin eigen utviklingsstrategi, der
målet er å skape ballanse mellom det å ta vare på natur- og kulturverdiar og
samtidig møte lokalbefolkninga sine behov gjennom berekraftig bruk, foredling
og utvikling av slike verdiar.
Det handlar altså om å skape meir
attraktive regionar, der natur- og kulturbasert verdiskaping, merkevarebygging,
mobilisering av innbyggarane og stadbasert læring er viktige strategiar.
Senter for natur- og kulturbasert
nyskaping ved Telemarksforsking, Aurland Naturverkstad og Universitetet for
Miljø og Biovitenskap har etablert eit forskingssamarbeid om regionalparkar. Dei
tre miljøa samarbeider om forsking, utgreiingar, utviklings- og
informasjonsarbeid om regionalparkar.
Les meir på temasidene om regionalpark som
utviklingsstrategi.