Den Norske Bygda og Den Store Verda

Released
1. May 2003
ISBN
82-7401-228-3
Publication
Book
Author:
Dag Jørund Lønning
Bygda og det lokale er ikkje ”ute”. Tvert om leitar fleire og fleire menneske i dag etter det spesielle lokale uttrykket. For å lukkast i ei ny tid, er det likevel naudsynt med ei omlegging i framstillingsmåte og oppfatningar av bygda. Me må utvikla eit nytt og positivt språk, og me må bli langt flinkare til å få fram dei mange ressursar og føremoner me har, framfor å fokusera på det me ikkje har. Denne boka søkjer å klara opp i vår på mange vis så paradoksale samtid, og samstundes skapa eit nytt rom for bygda i den globale notida. På den eine sida feiar globaliseringa inn over oss med stor kraft, og viskar ut tidlegare sterke kulturelle grenser. Me vert påverka av meir og meir av det same, og difor vert me og meir og meir ”like”. Men samstundes ser me og ein annan prosess som verkar i samtida: For etter kvart som me vert likare, oppstår også eit sterkare behov for det som ikkje er likt og standardisert. Det lokale, det spesielle, og det særeigne, er i vinden som aldri før. Norsk tradisjonsmat har blitt ”in-mat”. Gamle tradisjonar, som lokal foredling av matvarer, vaknar opp att. Samstundes søkjer me meir spesielle opplevingar, og som turistar søkjer me det heilskaplege lokale uttrykket. Slik oppstår nye opningar for den norske bygda. I den kulturøkonomiske bygdeutviklingsstrategien, som står i fokus i denne boka, er det lokalt ressursane ligg. I den lokale kulturen og kunnskapen kan det liggja kime både til ny identitet og til nye produkt som samtida spør etter. Men der me før såg etter kvantitet og standardisering, må me no leita etter kvalitet og det spesielle. Kva har bygda som byen ikkje har? Kva er det som gjer vår stad spesiell? Kva kan me som få eller ingen andre kan? Sterk lokal identitet og medvit om lokale føremoner og ressursar, er føresetnader for positiv utvikling i dag, hevdar denne boka. Med sterkt feste i det særprega lokale, og med ein aktiv og synleg marknadsføringsprofil utetter, kan me gjera den norske bygda til ein aktiv deltakar i vår globale samtid. Boka er redigert av Dag Jørund Lønning, sosialantropolog og leiar for fagområdet Natur- og kulturbasert næringsutvikling ved Telemarksforsking-Bø. 6 andre forskarar med tilknyting til det spesielle bygdeutviklingsmiljøet ved Telemarksforsking har medverka med bidrag.