Telemarksforsking
har på oppdrag frå Norges Musikkorps Forbund sett nærare på fråfallet frå
musikkorpsa i Noreg. Medan rekrutteringa er jamt god, opplever ein i aukande
grad at musikantane fell frå etter kvart som dei blir meir og meir viktige for
korpset. Dette er sjølvsagt eit problem for musikkorpsa. Prosjektrapporten ”Når
hornet er lagt på hylla” fokuserer på fråfall i brei forstand, og ser også på dei
samfunnsmessige konsekvensane av fenomenet. Medan fråfall for den einskilde
organisasjonen er ei utfordring, kan det same fråfallet vere eit demokratisk
gode. Fleire og betre kulturtilbod, i heile landet, gjer at barn og unge har
meir å velje i – og dermed ein større moglegheit for å finne fram til ”deira”
aktivitet. Ein slik seleksjonsprosess fører nødvendigvis med seg bortval like
mykje som val.
Rapporten
fokuserer dermed mykje på kva Norges Musikkorps Forbund sjølv kan gjere for å
leggje til rette for at flest mogleg igjen og igjen vel musikkorps som
aktivitet i ein konkurranseutsett fritidsaktivitetsmarknad. Konkrete tiltak som
blir vektlagt i rapporten er m.a. styrking av dirigentkompetansen, auka fokus
på individuelle behov, betre talentutvikling, styrking av individuell
instrumentopplæring og større fokus på gode førebilete, lokalt, regionalt, nasjonalt
og internasjonalt.
Forskingsrapporten
gjev vidare eit innblikk i og analyse av utviklinga av medlemsmassen i Norges
Musikkorps Forbund frå 1996 fram til 2010, for byane Oslo og Bergen og fylka
Buskerud og Østfold.