Hege Bekken vann fram blant totalt 13 søkarar til Telemarksforsking si utlysing av masterstipend 15. juni 2022. Ho får dermed 15.000 kr i masterstipend og blir kopla til ein Telemarksforskar som sparringspartnar for oppgåva.
Samskaping for regional og kommunal utvikling
Hege Bekken studerer MBA i strategi og leiing ved Nord Universitet. Ho tek for samskaping i tilknytting til regional og kommunal samfunnsutvikling seg i si masteroppgåve.
– Omgrepet og fenomenet samskaping har tilsynelatande fått aukande fokus i offentlege verksemder dei seinare åra, men ut frå eigne erfaringar og dialog med andre offentlege tilsette ser det ut til å vere vanskelegare å få samskaping ut i handling enn å skildre det i planverk. Omgrepet, og korleis vi forstår det og brukar det i praksis, er dermed relevant både for leiaravgjerder og strategiar i offentleg sektor. Korleis får vi til samskaping med kommunen som aktør? Kva inneberer det? Og kva for faktorar har påverknad på om vi får ting til å skje eller ikkje?, forklarar Hege.
Hege er kopla opp mot seniorforskar Ailin Aastvedt som sparringspartnar frå Telemarksforsking. Ailin jobbar for tida med ein PhD om samskaping i kommunal sektor, og er prosjektleiar for eit Forskingsråd-prosjekt knytt til dette.
Neste søknadsfrist er 15. desember
For studentar som skriv masteroppgåve våren 2023, uavhengig av når dei leverer, er neste frist for å søke masterstipend 15. desember 2022. Då vert det delt ut inntil to nye stipend.
Studenten får
- 15 000 kr i stipend
- Sparring med ein forskar frå Telemarksforsking (tidsavgrensa)
- Det er moglegheiter for å knytte seg opp til pågåande forskingsprosjekt ved Telemarksforsking dersom det er relevant og praktisk mogleg. Dette blir i så fall tilpassa kvar enkelt student og prosjektsituasjonen ved Telemarksforsking.
Studenten bidrar med
- Munnleg presentasjon av masteroppgåva for Telemarksforsking etter at du har levert oppgåva
Søknadsprosess
Send ei kort omtale (maks 3 sider) av masterprosjektet på epost til leikvoll@tmforsk.no. Søknaden bør omhandle teori, problemstilling og metode. Du skriv i tillegg nokre setningar om kvifor du meiner temaet ditt er fagleg relevant for oss. Oppgi også studiestad, studieretning og telefonnummer.
Søknadene blir vurdert av faggruppeleiarane etter følgjande kriterium og vekting:
- Generell prosjektkvalitet (60 %)
- Relevans for fagområda til Telemarksforsking (40 %)
Telemarksforsking held til i Bø i Telemark, og er eit nasjonalt samfunnsvitskapleg forskingsinstitutt. Vi ønskjer søkarar frå heile Noreg.
