Distriktsmusikarordninga i Vestland er ei vidareføring og utviding av den tidligare distriktsmusikarordninga som vart etablert mot slutten av 1980-talet med mål om å styrkje musikklivet i distrikta gjennom oppretting av profesjonelle musikarstillingar. Sidan 1990-talet har ordninga vore forankra i ein samarbeidsavtale mellom fylkeskommunen og arbeidsgjevarkommunane, og ordninga vart vidareført etter fylkessamanslåinga i 2020.
I 2024 vedtok fylkestinget i Vestland å få evaluert ordninga for å undersøkje om den kjem heile fylket til gode i samsvar med intensjonen. Evalueringa har undersøkt korleis musikklivet i fylket opplever distriktsmusikarordninga og gjer seg nytte av den, og dei regionale effektane av ordninga.
Evalueringa av distriktsmusikarordninga viser, med nokre atterhald, at den har positive effektar, men at intensjonen om å styrke musikklivet i heile regionen ikkje er fullt ut realisert. Gjennom musikarstillingar som kombinerer ein utøvardel og ein undervisningsdel knytt til kulturskulane, bidreg ordninga til å styrke grasrota i musikklivet lokalt gjennom rekruttering, talentutvikling og ulike musikkprosjekt. Ordninga kan også seiast å vere ein berebjelke for den profesjonelle delen av musikklivet i fleire kommunar, men fleire kritiske røyster peikar på at denne modellen, med faste, varige stillingar, gjev avkall på naudsynt fleksibilitet. Dette kan potensielt slå negativt ut for musikarane sin kvalitet og relevans.
Dei positive effektane er dessutan størst i vertskommunane og nærliggjande område. Utvidinga av ordninga med fleire vertskommunar har styrkt den regionale dekninga. Samstundes er det kommunar, spesielt i den sørlege delen av fylket, som opplever avgrensa nytte av ordninga, mellom anna på grunn av geografisk avstand til vertskommunane eller til byregionar med frilansmusikarar. Eit gjennomgåande funn i evalueringa er at ordninga er lite marknadsført, og at kjennskapen blant målgruppene er for liten; både om at ordninga finst, og korleis musikklivet kan nytte seg av tenestene til distriktsmusikarane.
Evalueringa har avdekt nokre sider ved ordninga som bør vurderast, og nokre utfordringar og forbetringspotensial. Gitt at partane i ordninga ynskjer å halde fram med ordninga og vidareutvikle den, har Telemarksforsking fylgjande tilrådingar: