Rapporten evaluerer prosjektet
«Nyskapande aktivitetsanlegg», som har vorte gjennomført i fleire
kommunar i Vestland fylke. Målet med prosjektet er å kartleggje dei reelle
behova blant ungdom, inkludert dei som ikkje deltek i organisert idrett, for å
utvikle aktivitetsanlegg som treff breitt. Casekommunane i evalueringa er Etne,
Kinn, Gloppen, Sveio og Stord.
Hovudfunna viser gjennomgåande positive
vurderingar frå deltakarkommunane. Prosjektet har oppnådd brei medverknad, og
arkitektane har involvert mange interessentar, både frå organisert idrett og
eigenorganisert aktivitet. Dei ferdige anlegga fungerer godt både som
aktivitetsflater og sosiale møtestader, og prosjektet har bidratt til å
synleggjere viktigheita av anlegg for eigenorganiserte aktivitetar.
Rapporten identifiserer fleire faktorar
som kan hindre framdrift, inkludert utfordringar knytt til areal, tid, økonomi,
politisk forankring, lokalisering og innhald. Suksessfaktorar inkluderer tidleg
og brei involvering, politisk engasjement, lang forprosjektfase, konkretisering
av planar, lokalisering til skular, sikring av kommunal prioritering og god
prosjektoppfølging.
Samla sett framhevar rapporten betydinga
av å tilpasse idrettsanlegg til endra aktivitetsvanar, involvere ulike
brukargrupper, og sikre brei politisk og økonomisk støtte for å realisere
nyskapande aktivitetsanlegg som bidrar til sosial berekraft.