Evaluering av «Nyskapande aktivitetsanlegg»

Released
25. March 2025
ISBN
978-82-336-0759-3
Publication
Report
Regine Sønderland Saga
Regine Sønderland Saga
Nils Asle Bergsgard
Nils Asle Bergsgard
Bård Kleppe
Bård Kleppe

Rapporten evaluerer prosjektet «Nyskapande aktivitetsanlegg», som har vorte gjennomført i fleire kommunar i Vestland fylke. Målet med prosjektet er å kartleggje dei reelle behova blant ungdom, inkludert dei som ikkje deltek i organisert idrett, for å utvikle aktivitetsanlegg som treff breitt. Casekommunane i evalueringa er Etne, Kinn, Gloppen, Sveio og Stord.

Hovudfunna viser gjennomgåande positive vurderingar frå deltakarkommunane. Prosjektet har oppnådd brei medverknad, og arkitektane har involvert mange interessentar, både frå organisert idrett og eigenorganisert aktivitet. Dei ferdige anlegga fungerer godt både som aktivitetsflater og sosiale møtestader, og prosjektet har bidratt til å synleggjere viktigheita av anlegg for eigenorganiserte aktivitetar.

Rapporten identifiserer fleire faktorar som kan hindre framdrift, inkludert utfordringar knytt til areal, tid, økonomi, politisk forankring, lokalisering og innhald. Suksessfaktorar inkluderer tidleg og brei involvering, politisk engasjement, lang forprosjektfase, konkretisering av planar, lokalisering til skular, sikring av kommunal prioritering og god prosjektoppfølging.

Samla sett framhevar rapporten betydinga av å tilpasse idrettsanlegg til endra aktivitetsvanar, involvere ulike brukargrupper, og sikre brei politisk og økonomisk støtte for å realisere nyskapande aktivitetsanlegg som bidrar til sosial berekraft.