Lys og varme i alle hus

Lys og varme i alle hus
Utgitt
8. april 2010
ISBN
Type
Foredrag
Forfatter:
Ola K Berge
Ola K Berge

Småbruk som ressurs for busetting, ei innføring

Gjennom prosjektet ”Lys og varme i alle hus”, har Telemarksforsking vore spelar på laget som Hyllestad kommune har peika ut for å skaffe busetnad på tomme gardar i kommunen yttarst i Sognefjorden.

I den innleiande fasen har forskar Ola K. Berge gjennomført to workshopar der ein har gått gjennom den forskingsbaserte kunnskapsstatusen på feltet, samt arbeidd fram ein eigen forskingsbasert metodikk for å frigjere gardar utan fast busetnad for anten overtaking innan familien eller sal. Målet er i begge tilfelle å syte for tilflytting til kommunen.

I arbeidet vidare skal prosjektleiar Terje Nilsen og ei styringsgruppe på fem kontakte og informere kring 90 eigarar om prosjektet. Målet er å gjennom dette sikre ny busetnad på kring 30 % av gardane, eit ambisiøst mål om lag på nivå med kva Vest-Telemark Næringsutvikling klarte med prosjektet «Småbruksprosjektet i Øvre Telemark» i tidsrommet 1999-2002.

For meir informasjon, kontakt Ola. K. Berge.