Gjennom prosjektet ”Lys og varme i alle hus”, har Telemarksforsking
vore spelar på laget som Hyllestad kommune har peika ut for å skaffe
busetnad på tomme gardar i kommunen yttarst i Sognefjorden.
I den
innleiande fasen har forskar Ola
K. Berge gjennomført to workshopar der ein har gått gjennom den
forskingsbaserte kunnskapsstatusen på feltet, samt arbeidd fram ein
eigen forskingsbasert metodikk for å frigjere gardar utan fast busetnad
for anten overtaking innan familien eller sal. Målet er i begge tilfelle
å syte for tilflytting til kommunen.
I arbeidet vidare skal
prosjektleiar Terje Nilsen og ei styringsgruppe på fem kontakte og
informere kring 90 eigarar om prosjektet. Målet er å gjennom dette sikre
ny busetnad på kring 30 % av gardane, eit ambisiøst mål om lag på nivå
med kva Vest-Telemark Næringsutvikling klarte med prosjektet “Småbruksprosjektet
i Øvre Telemark” i tidsrommet 1999-2002.
For meir
informasjon, kontakt
Ola.
K. Berge.