Regional merkevarebygging i eit kulturøkonomisk perspektiv

Regional merkevarebygging i eit kulturøkonomisk perspektiv
Utgitt
1. juni 2006
ISBN
Type
Foredrag
Forfatter:
Solveig Svardal

I ei verd prega av standardisering blir det kulturelt spesielle eit aktivum. Fleire og fleire menneske leitar etter det særeigne, unike og spesielle. Vi leitar i dagleglivet, på ferieturen, gjennom virtualitet, mytologi og mystikk. ”Det ulike” – det som skil seg ut frå ”dei andre”, får aukande verdi.

Når ein kjem til ein ny stad, leitar ein etter det spesielle ved denne staden. Kva gjer den annleis? Kva særmerkjer den? Korleis kan vi bruke desse kvalitetane i regional merkevarebygging?