Nordhordlandsregionen er i gong med arbeid om framtidig
kommunestruktur.
Denne fasen av prosessen er etablert for å danne eit
vedtaksgrunnlag for det einskilde kommunestyre, for kva type prosess dei ulike
kommunane ønskjer å delta i framover; anten eit utgreiingsløp som leier fram
til ein eller fleire kommunesamanslåingar, eller eit samarbeidsrelasjonsløp der
kommunen ikkje vil slåast saman med andre kommunar, men vel ei løysing med tett
samarbeid med ein større og sannsynlegvis samanslått nabokommune.
Denne utgreiinga tek for seg
tre alternative utviklingsbaner for framtidas Nordhordland. Det fyrste
alternativet er å fortsetje som i dag som sjølvstendige kommunar med utstrekt
interkommunalt samarbeid. Den andre vegen
vidare inneber gjennomføring av det vi kan kalle ei tradisjonell
kommunesamanslåing, der typisk to-tre kommunar går saman i ein ny kommune.
Den siste alternative utviklingsbana inneber å skape
ein stor regionkommune, der alle eller dei fleste av dagens
Nordhordlandskommuner går saman til ein ny stor Nordhordlandskommune.