Denne rapporten presenterer ei utgreiing av framtidig kommunestruktur i Ørsta og Volda. Utgreiinga er gjennomført av Telemarksforsking på oppdrag frå dei to kommunane.
Formålet har vore å gi kommunestyra eit kunnskapsbasert grunnlag for å vurdere tre alternativ: vidareføring av dagens kommunestruktur, forsterka interkommunalt samarbeid og samanslåing til éin kommune. Rapporten belyser mellom anna konsekvensar for kommunale tenester og fagmiljø, økonomisk bereevne, lokaldemokrati, styring, samfunnsutvikling og organisering.
Utgreiinga byggjer på statistikk, kommunale styringsdokument, forskingslitteratur, spørjegransking og intervju. Telemarksforsking har hatt ansvar for analysane og dei faglege vurderingane. Rapporten gir ikkje ei tilråding om kva strukturalternativ kommunane bør velje, men synleggjer moglegheiter, utfordringar og føresetnader ved dei ulike alternativa.